Pan er min aller fyrste hund. Han er født 31.august 1998 og er av rasen border collie.
Han er ein spesiell hund som er vanskeleg å beskrive med ord, ein må oppleve han! I 2005 vart han kastrert, og etter det har vi fått ein ny og betre hund! Han et betre, er rolegare og faktisk lydigare! Det var mange grunnar for å kastrere han, ein av dei viktigaste var at han ikkje åt skikkeleg. Han var stort sett berre skinn og bein, og eg prøvde mange typar fòr utan hell. Det hadde også ein del å seie at vi plutseleg hadde 2 tisper i huset = dobbelt opp med løpetider.
Pan er ein liten hund i stor kropp. Han trur han er like liten som Fixi og Fiona, og kjem hoppandes opp i fanget vårt i tider og utider. Han er ein ekte sjarmør og vil vere venn med alle!