

Har endra litt på namnet mitt. Vi gifta oss i sommar, og i den forbindelse endra eg namn. Så no er etternamnet mitt Bakkebø. Adresse-endring vil skje om kort tid, men enn så lenge så er Bakliveien gjeldande adresse fortsatt.
Onsdag 10.10.2007
Har fått oppdatert litt. Ny side er lagt til, håpar å få inn bileter frå alle kvalpane vi har hatt der etterkvart. Håpar å få oppdatert meir utover hausten. Vi har endeleg flytta opp på gården vår men gjenstår mykje arbeid her oppe før vi kan slappe av og føle at vi verkeleg bur her.
Lørdag 10.03.2007
I dag har eg tatt nye bileter av kvalpane til Fixi med auger. Hadde egentleg tenkt å vente litt lenger, men dei er så herlege no at eg måtte berre ta litt bileter av dei. Dei begynner å leike og prøve på småløping no, men er ikkje så vellykka då dei manglar litt balanse for å kunne løpe. Difor ender dei ofte på nasa istaden... Det er ganske underholdande! Men dei leikar ikkje så lenge om gangen enda. Dagane består mest i å ete og sove enda.
Torsdag 08.03.2007
No har vi fått heile 11 kvalpar i huset! Dagane går fort og blir ikkje mykje tid til oppdatering av sidene dessverre. Akkurat no er vi også inne i den "fotograferingsfrie perioden". Kvalpane holder på å få auger og blitz er difor ikkje så heldig for dei. Frå dei er 8 dagar og til dei er 18 er dei ekstra ømfintlege for skarpt lys, så gardinene er fortrekt og det vanlege lyset er av. Kun varmelampa som lyser svakt raudt.
Hørselen er også begynnt å komme. Kvalpane til Fixi er begynnt å bjeffe og knurre litt med det samme eg kjem inn døra. Dei høyrer noko, men er såpassa nærsynte at dei ser lite før eg kjem heilt borttil dei. Fixi sine søte små er også begynnt å bli veldig aktive. Dei krabbar rundt i kassen og eg må stadig opp og putte dei på plass i kvalpekassen igjen. Dei virkar sugne på å utforske den store verden utanfor kassen...
Fiona sine kvalpar er jo nokre dagar yngre enn Fixi sine, så dei er ikkje kommen like langt. Men augene er begynnt å komme bra der også, tippar at det ikkje er mange dagane før dei boffar og småknurrar til meg dei også. Syns faktisk det er litt koseleg denne perioden, for no er dei mykje meir hund enn tidlegare.
Har lagt ut nye fotoalbum på "Kvalpar", nederst på sida. Bileter av kvalpar med auger kjem litt ut i neste veke.
Torsdag 08.02.2007
Då er innspurten mot kvalpekull 2007 starta. Fixi er diger, i går veide vi ho...ho veide 10kg!! I romjula veide ho 7,6kg... Fiona er også stor, men ho har ikkje "fotball-magen" til Fixi...er meir jamnt fordelt på Fiona.
Eg har på følelsen at Fixi kjem til å komme litt tidlegare enn termin (17.februar), men ein veit aldri. Ho er iallefall VELDIG klar, opphovna pattar, nedsegen mage og tung.
Blir spennandes framover dei neste vekene!
Tysdag 26.12.2006
Ja, då har eg bestemt meg og parra Fiona også. Fiona vart parra med Majoren til Mellsjøhøgda, kan bli eit spennande kull. Men dette kullet blir nok reint sobelt.
No går vi ei spennande tid imøte, alltid spennande å sjå om hundane har tatt kvalpar, kor mange kvalpar det evt. blir og om alle er friske. Sjølvsagt også spennande å sjå kva farge og teikningar dei har, samt kva kjønn det blir.
Fixi har starta litt dårleg då, sidan ho er sjuk i kveld. Håper det går fort over, ellers må vi ta oss ein tur til dyrlegen. Trur helst ho er forkjøla og kanskje litt dårleg i magen. Men når Fixi ikkje vil ete maten sin og virkar slapp og utilpass, DÅ blir eg umiddelbart bekymra. Slikt er ikkje normalt for ho i det heile tatt. Får følge med ho utover kvelden og natta...
Søndag 17.12.2006
Fixi har blitt parra to gongar no, reknar med at ho også blir parra i morgon. Alt har gått kjempefint så langt, så no satsar vi på kvalpar rundt den 17.februar 2007. Fiona har også kommen i løpetid, så no hastar det med å få bestemt seg om eg skal parre ho eller ikkje. Eg velger å sjå det an litt til.
Søndag 10.12.2006:
Det blir lenge mellom oppdateringane for tida. Men så har det heller ikkje skjedd så veldig mykje i det siste. No derimot så skjer det ting! Fixi har fått løpetid, og i dag reiser ho til hannhund på "ferie". Ho skal parrast med Orreknuppen`s My Name Is Bond, og dette kullet har eg stor tru på! Har ikkje greid å bestemme meg for om eg skal parre Fiona når ho kjem i løpetid også, men det tar eg etterkvart.
Torsdag 31.08.2006:
Då har eg fått sidene offisiellt på nett (har kun prøvekøyrt den litt tidlegare). Vi er i full gang med å forberede oss på utstilling samstundes som vi pussar opp for fullt på nye gården. Travelt, men det går greit. På mandag begynner eg i tillegg i ny jobb, så utfordringane står i kø her!!
Torsdag 24.08.2006:
Då har eg laga til ei ny hundeside, den gamle vart for rotete og uoversikteleg. Håper på at det går betre med denne. Sida manglar ein del, men det dukkar opp etterkvart. Skal prøve å ha delar av den "gamle" hundesida vere oppe fram til denne fungerar skikkeleg. Legger inn link på framsida når eg får til dette.