Fixi er ein herleg hund på alle måtar, eit matvrak utan like og utruleg leiken. Ho elsker å kose, ho kryper meir enn gjerne inn i armkroken. Sover gjerne middag på magen min eller samboeren min. Ho er utruleg tillitsfull, og det tar sjelden meir enn 1 minutt før også fremmede som kjem på besøk har ho innerst i armkroken.

I det heile tatt har eg aldri angra eit sekund på at eg valgte sheltien då eg skulle kjøpe meg ein ny hund. Det er ein stor hund i liten innpakking. Alt min border collie klarar, klarar lille Fixien omtrent like bra. Vi har bevega oss mykje i skog og mark frå Fixi var valp, og det er ein fryd å sjå pågangsmotet hennars der ho kjem sprettandes over lyng, gras og småbusker. Einaste gongane eg har måtta hjelpe ho litt er opp høge skrentar.

Men finnast det ein alternativ måte å komme seg opp, så finner ho den! Fixi er nemleg ikkje den som gjer opp så lett. Til gjengjeld, dei få gangane ho MÅ gi opp, så lagar ho ein klagekonsert utan like. Då er det berre for meg å tussle tilbake og løfte ho opp.
Ho veit også stort sett kortid ho har gjort noko galt. Då gøymer ho seg før eg oppdagar det. Når eg då leitar etter ho, og til slutt finner ho, så legger ho seg på rygg med det mest underdanige blikk du kan tenke deg! Og dette utan at eg har oppna munnen, og ofte utan at eg eingong har oppdaga at ho har gjort noko gale. Men når eg finner ho slik, er det berre å prøve å finne ut av kva ho no har gjort...









Orreknuppen`s Fixi