Fiona er frå fyrste kullet til Fixi. Ho er født 05.03.2005, saman med syskena sine Felix og Frøya. Ho er ein elegant og vakker hund, men kan også vere ein skikkeleg ramp! Ho kvir seg ikkje på å hoppe på Pan og biter han både forand og bak. Ho drar mora si etter halen rundt på gulvet og jaktar på alt som bevegar seg. I det heile ei super aktiv, humoristisk lite sjarmtroll.
Fiona hadde sitt fyrste kvalpekull våren 2007, ho kom med heile 5 kvalpar. Dette syns eg var imponerande av ein så ung hund! Når ho i tillegg mjølkar til den store gullmedalje, og er ei fantastisk flink mor, ja då blir ein rett og slett berre imponert! Gledar meg til dei kommande kullene hennar, og er spendt på om ho "holder stilen" heile vegen.
Eg har laga eit lite bildeshow om det fyrste året til Fiona, og hennars utvikling denne tida. Du finner den på Video sida.