Dagbok

08.februar 2007

Denne dagboka er noko dårleg oppdatert for tida. Får berre beklage det, men det er utruleg kor fort tida går no. Magane på doggisane vokser iallefall, og fyrste termin nærmar seg med stormsteg! Men her er alt klart, kvalpesenger, varmelamper, tepper og filler ligg klare til begge damene. Har på følelsen at Fixi vil få kvalpar litt før tida, men det gjenstår jo å sjå.


17.desember 2006

Fixi vart parra den 14. og 16.12, reknar med at ho også blir parra den 18.12. Legger på 63 dagar frå den 16.12, så får eg forventa kvalpekull rundt omkring den 17.februar 2007. Dette er veldig cirka, men eg går utifrå denne datoen +/- ei veke. Fiona kom i løpetid rett før helga, så eg satsar på at ho er klar til parring rundt helga som kjem. OM eg kjem til å parre ho er enda litt usikkert, men godt mogleg. Vi går spennande tider imøte.


10.desember 2006


Løpetida til Fixi starta denne veka. Fekk ikkje med meg nøyaktig kortid den starta, men tippar på mandag eller tysdag. Eg oppdaga det på onsdag, men då var ho godt igang. Hadde ikkje rekna med at ho skulle komme i løpetid så tidleg. Eg hadde rekna med at ho skulle komme i slutten av månaden, så eg var ein smule uoppmerksom.

Så i dag reiser vi og leverar ho hos hannhundeigar (som også er oppdrettar av Fixi, så ho kjem nesten "heim" ). Så får eg fortsette og fundere på om eg skal levere Fiona opp dit når ho kjem i løpetid også. Fiona reknar eg med at kjem i løpetid rundt den tida Fixi er ferdig. Så visst det slår til blir det travelt både med parring og fødsel...ja,ja, eg får sjå kva eg finn ut.

Visst alt går som forventa med Fixi og Bond så vil kullet komme i slutten av februar, litt tidlegare enn forventa, men pytt, pytt...


31.august 2006


Då begynner eg på ny dagbok. Om dere ynskjer å lese i tidlegare dagbøker kan dere besøke den gamle kennelsida mi på hund.ankidanki.com. Den blir liggandes ute ei stund fram til desse nye sidene blir skikkeleg oppdatert.

I dag har eg vaska Fixi og Fiona. Fiona syns det ikkje er stas å bli vaska...Fixi finner seg i det, men vil gjerne ut av badekaret så fort som mogleg. Eg har også klippa klør, pels på labbane og børsta opp begge to. Fixi har tydelegvis begynnt å felle pelsen igjen. Håper berre ikkje det ramlar for mykje av før søndag. Fiona begynner så smått å få tilbake pelsen, men ho manglar underpelsen. Så ser ikkje for meg så veldig spennande utstilling på søndag...

Vi tar det som ei trening, så får vi sjå. I morgon skal eg fintrimme pelsen på beina og børste opp enda ein gong til. På lørdag skal eg stusse øyrehårene, så er aller siste finpuss på søndagsmorgen. Skal bli litt godt å komme på utstilling igjen også, kjenner eg. ;-)










Dagbok